Annonse

Marokkansk boksar diska – prøvde å bite motstandaren i øyret

Den marokkanske boksaren Youness Baalla prøvde å bite i stykke øret til den newzealandske motstandaren sin under åttedelsfinalen på tysdag i Tokyo-OL.

22-åringen frå Marokko tapte einstemmig på poeng mot David Nyika i åttedelsfinalen på tysdag i tungvektsboksing. Etter kampen vart han i tillegg diska for usportsleg framferd.

I den tredje runden av tungvektsduellen avslørte TV-bileta at marokkanaren tydeleg prøvde å bite motstandaren sin i rein «Mike Tyson-stil».

I ei pressemelding etter kampen kalla OL-arrangøren Baallas handlingar for uakseptable.

«Det var veldig tydeleg at han prøvde å bite motstandaren å bite motstandaren i ansiktet/øyret i den tredje runden av oppgjeret», heiter det i pressemeldinga.

Sidan Nyika allereie var vidare på poeng, fekk diskvalifikasjonen ingen direkte påverknad på resultatet.

– Han fekk ikkje ein heil munnfull. Heldigvis hadde han tannvernar, og eg var litt sveitt, sa Nyika om den bisarre situasjonen i den tredje runden av oppgjeret.

(©NPK)

Youness Baalla (t.v.) brukte alle triksa i boka i eit forsøk på å kome seg til til OL-kvartfinale. Foto: AP Photo / Frank Franklin II / NTB