Annonse

Meklinga i statsoppgjeret fortset

Ingen veit når partane i statsoppgjeret kastar korta eller tar kvarandre i handa. Fredag morgon er utfallet av meklinga framleis uklart.

- Det er ikkje noko nytt å melde. Meklinga går føre seg framleis, opplyser Riksmeklarens kontor til NTB tidleg fredag morgon.

Riksmeklar Mats Wilhelm Ruland sa før midnatt at det fram til då har vore rørsle, men at partane ikkje var i mål. Dermed vart det klart for mekling på overtid.

- Så lenge det er håp, vil partane normalt bli sittande, men dette må eg ta formelt med dei, sa riksmeklaren då det berre stod att ein snautt time før fristen for meklinga i statsoppgjeret gjekk ut.

Kan dryge

I slike situasjonar er det inga avgrensing på kor lenge dei kan halde på, men det er ikkje uvanleg at det dreier seg relativt mange timar - innimellom eit tosifra tal.

Dermed er det lite som tyder på at rundt 3.700 statstilsette får vite om dei skal gå på jobb fredag morgon eller om dei skal stå streikevakt med det første.

Ruland poengterte før midnatt at det har vore rørsle frå begge sider sidan prosessen starta onsdag formiddag, og at han meinte partane framleis hadde grunnlag for å snakke saman i forsøket på å finne ei semje om årets lønnsoppgjer.

To hovudtema

Alle dei fire hovudorganisasjonane i statleg sektor, LO, YS, Unio og Akademikerne, var torsdag kveld i innspurten av årets lønnsoppgjer. På andre sida av meklingsbordet sit forhandlingsdelegasjonane til Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

- Det er to hovudtema partane har teke til mekling - økonomi og eit pensjonsspørsmål. Vi er ikkje i mål på nokon av spørsmåla, men det har vore rørsle frå begge sider på begge område. Dette er begge krevande spørsmål med stor tyding for partane, seier Ruland.

Fagorganisasjonane Unio og Akademikerne vart torsdag kveld einige med arbeidsgivarsida KS under meklinga i kommuneoppgjeret. Dermed var lærarstreiken avverja. Akademikerne braut derimot meklinga med Oslo kommune, og 140 tilsette i Oslo rådhus er dermed i streik.

(©NPK)

Riksmeklar Mats Wilhelm Ruland meklar vidare i statsoppgjeret, etter at fristen gjekk ut ved midnatt. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix