Annonse

Molde låner Wolverhampton-spelar

John Kitolano blir lånt ut frå Premier League-klubben Wolverhampton til Molde ut 2021-sesongen

Det stadfestar eliteserieklubben på nettsidene sine måndag.

Avisa Varden var òg tidleg ut med nyheita.

Molde har også sikra seg opsjon på kjøp på den tidlegare Odd-spelaren. 20-åringen, som er venstreback, vart seld til Wolverhampton i 2018.

I Premier League-klubben har han slite med å få speletid.

– Vi er glade for at vi har fått John til Molde FK. Ein ung norsk spelar som vi har følgt med ei stund og som vil gjere venstreback-posisjonen betre rusta for heile sesongen, seier Molde-trenar Erling Moe.

– Han er ein veldig spennande spelar, som vil passe godt inn i måten vi ønskjer at Molde FK skal spele fotball på, legg han til.

(©NPK)

John Kitolano går til Molde. Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix