Annonse

Næringslivet stiller seg bak SV-krav om lønnsstøtte

SV får støtte frå uventa hald når NHO og Virke no sluttar seg til kravet om å skjerme lønnsstøtteordninga frå kutt, slik regjeringa legg opp til i februar.

– Vi er heilt samde med SV i at det mest føreseielege, fornuftige og rettferdige er å forlengje lønnsstøtteordninga ut februar med dei same vilkåra, seier Ole Michael Bjørndal, som er fagdirektør for næringspolitikk i NHO Reiseliv.

Arbeidarpartiet og Senterpartiet har foreslått å trappe ned lønnsstøtta i februar frå 40.000 til 35.000 kroner per tilsett, men møter kraftig motbør frå budsjettpartnar SV, som motset seg kuttet. SV har tvert imot kravd at ordninga blir styrkt.

Dei tre partia sit for tida i forhandlingar om den nye koronakrisepakken til regjeringa, der lønnsstøtteordninga inngår.

Lønnsstøtte inneber at staten tek ein del av lønnskostnadene for kriseramma bedrifter. Målet er å unngå permitteringar.

Virke: Tusenvis av permitteringar sparte

Ifølgje Bjørndal i NHO Reiseliv er krisa langt frå over for næringslivet. Han meiner fleire bedrifter bør få høve til å søkje om lønnsstøtte, særleg serveringsstader som ikkje hadde andre val enn å permittere under den førre runden med innstrammingar.

– Ønsket om og arbeidet med lønnsstøtta kom før skjenkestoppen. Det var ei ekstra avgrensing som gjorde ordninga mindre relevant for fleire bedrifter, særleg serveringsstadene. Derfor meiner vi det bør opnast for ein ny søknadsdato, slik at fleire kan nytte seg av lønnsstøtta, seier Bjørndal.

Også Virke er samd med SV i at lønnsstøtteordninga må skjermast for kutt.

– Utrekningane våre viser at lønnsstøtta har spart oss for 10.000 permitteringar så langt. Det betyr at ordninga har treft, og at ho har sørgt for at arbeidstakarar kan gå på jobb, og at bedrifter kan behalde sine tilsette, seier administrerande direktør Ivar Horneland Kristensen.

Virke tek utgangspunkt i at talet på faktiske permitteringar i form av dagpengesøknader i snitt har lege langt høgare enn talet på varsla permitteringar gjennom heile pandemien. I desember 2021, same månaden som lønnsstøtta vart lansert, snudde det tvert. Då kom det inn nesten dobbelt så mange permisjonsvarsel som faktiske dagpengesøknader.

Virke har rekna seg fram til at talet på dagpengesøknader potensielt kunne vore langt høgare utan lønnsstøtta, og konkluderer med at samfunnet er spart for 10.000 permitteringar.

Opnar for forlenging ut mars

Ifølgje Horneland Kristensen er det framleis ein del verksemder som treng lønnsstøtta, sjølv om koronatiltaka har vorte mjuka opp.

– Derfor meiner vi støttebeløpet bør behaldast ut februar, seier han.

Virke-direktøren påpeikar at lønnsstøtteordninga i stor grad regulerer seg sjølv.

– Når verksemdene får opp omsetninga, forsvinn høvet til å nytte seg av ordninga. Sånn sett er ho sjølvregulerande, seier Horneland Kristensen.

Både Virke og NHO meiner lønnsstøtta bør vare så lenge koronakrisa varer.

– Viss vi framleis lever med strenge smitteverntiltak i mars, meiner vi det er naturleg at det òg blir lagt til rette for kompensasjonstiltak i mars – inkludert lønnsstøtte, seier Bjørndal i NHO Reiseliv.

(©NPK)

Ivar Horneland Kristensen i Virke er samd med SV i at nivået på lønnsstøtta ikkje bør senkast i februar. Foto: Terje Bendiksby / NTB

Også NHO Reiseliv vil behalde det noverande nivået på lønnsstøtta. Her ved administrerande direktør Kristin Krohn Devold. Foto: Terje Pedersen / NTB

Kari Elisabeth Kaski i SV er i forhandlingar med Arbeidarpartiet og Senterpartiet om den nye koronakrisepakken til regjeringa denne veka. Styrking av lønnsstøtteordninga er eit av hovudkrava til SV.
Foto: Heiko Junge / NTB

Fleire restaurantar og barar valde å halde stengd under den førre runden med koronarestriksjonar. Også desse må få høve til å søkje om lønnsstøtte, meiner NHO Reiseliv.
Foto: Beate Oma Dahle / NTB