Annonse

Navalnyj vann fram i menneskerettsdomstolen

Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg slår fast at Russlands gjentekne arrestasjonar av Aleksej Navalnyj har vore politisk motivert.

Domstolen krev òg at Russland betaler Navalnyj 63.000 euro. Den russiske opposisjonspolitikaren meiner sigeren er viktig for andre politiske aktivistar.

Retten konsentrerte seg særleg om to arrestasjonar og kom at til russiske styresmakter hadde til føremål å undertrykke politisk pluralisme. I tillegg meiner domstolen at forsamlingsfridommen og retten til rettferdig rettargang var krenkt.

Den 42 år gamle Putin-kritikaren blir sett på som ein av dei største rivalane til presidenten, særleg etter at Putins oppslutning har falle betrakteleg som følgje av den upopulære pensjonsreforma i landet.

Tysdag vart Navalnyj stoppa på grensa og nekta å forlate Russland. Han skulle etter planen delta i høyringa i Strasbourg. Grensevaktene informerte han om at ein russisk domstol hadde gitt han utreiseforbod. Han fekk likevel reise ut til slutt.

Aleksej Navalnyj slapp ut av fengsel for rundt ein månad sidan, etter å ha sona tre veker for å ha organisert demonstrasjonar mot den russiske regjeringa.

(©NPK)

Den europeiske menneskerettsdomstolen konstaterte torsdag at Russlands gjentatte arrestasjonar av Aleksej Navalnyj (bildet) har vore politisk motiverte. Foto: Jean-François Badias / AP Photo / NTB scanpix