Annonse

Nedgang for reklame i første halvår

Reklameomsetninga til mediebyråa i Noreg gjekk ned med 17,9 prosent i årets første halvår samanlikna med tilsvarande periode i fjor.

Mediebarometeret har registrert ein svakare nedgang dei siste to månadene, sjølv om koronasituasjonen har prega omsetninga sidan februar. Størst var fallet i april, med ein nedgang på nesten 43 prosent samanlikna med same månad i 2019.

– Mai vart ei betring samanlikna med april. Og isolert sett vart ikkje juni i år mykje svakare enn juni i fjor. Det er positive teikn, seier dagleg leiar Merete Mandt Larsen i Mediebyråforeningen.

Mediebyråa har gjennom årets seks første månader omsett reklame for 3,97 milliardar kroner. I den same perioden i fjor omsette dei for 4,83 milliardar kroner. Reklamenedgangen var etter dei fem første månadane i år på 23,2 prosent, medan den etter seks månader låg på snaue 18 prosent.

Etter første halvår er det internett som har den største delen av den totale reklameomsetninga med 39 prosent, medan TV har ein del på 36,9 prosent.

Mandt Larsen har trua på at andre halvår vil bli langt betre enn første.

– Vi sit ikkje på noko fasitsvar når det gjeld reklameutviklinga det kommande halvåret. Men vi både håpar og trur at det verste er lagt bak oss. Utviklinga dei siste to månadene kan tyde på lysare tider. Men faren er ikkje over, seier ho.

Det nasjonale Mediebarometeret måler reklamesal på mellom anna TV, internett, aviser, radio og kino.

(©NPK)