Annonse

Nord- og Sør-Korea går saman om OL-søknad

Sør-Korea og Nord-Korea har bestemt seg for saman å søke om å arrangere sommar-OL i 2032.

Det kom fram i ei felles erklæring frå den sørkoreanske presidenten Moon Jae-in og Nord-Koreas leiar Kim Jong-un onsdag morgon.

Skulle planane bli ein realitet, vil det vere første gong at eitt og same OL blir halde i to land. I erklæringa kom det ikkje fram detaljar rundt den varsla søknaden, verken om kva for byar som er aktuelle eller kor langt ein er kommen i planleggingsarbeidet.

God tid

Den internasjonale olympiske komiteen (IOC) pleier tradisjonelt å tildele OL sju år før leikane blir avvikla. Det vil gi dei to koreanske landa tid fram til 2025 med å sette saman ein fullverdig søknad.

Sør-Korea har tidlegare arrangert sommar-OL éin gong. Hovudstaden Seoul var vertsby i 1988. I februar vart vinter-OL halde i Pyeongchang.

Dei koreanske planane om 2032-OL vil få konkurranse frå Tyskland, som allereie har annonsert ønsket om å arrangere sommarleikane i fleire byar i delstaten Nordrhein-Westfalen. Indias OL-komité har også vist interesse for OL om 14 år.

Meir samarbeid

I pressemeldinga sendt frå Seoul onsdag blir det også sagt at Moon og Kim har bestemt seg for å samarbeide om store sportsarrangement, som blant anna sommar-OL i 2020, som går i Japan.

Nord-Korea deltok i år under vinter-OL i sørkoreanske Pyeongchang. Der stilte dei to koreanske landa eit felles kvinnelag i ishockeyturneringa.

(©NPK)

Sør-Koreas president Moon Jae-in (venstre) har blitt einig med Nord-Koreas leiar Kim Jong-un om å sende ein felles søknad om å arrangere sommar-OL i 2032. Foto: Korea Broadcasting System / AP / NTB scanpix