Annonse

Noreg er det nest mest likestilte landet i verda

Noreg kjem på andreplass på ei ny global rangering av likestilling. Berre islendingane er meir likestilte enn oss.

Likestillingsbarometeret, som først vart omtalt av VG, er laga av World Economic Forum og tek for seg likestillingssituasjonen i 149 land. Landa får ein samla poengsum - på mellom 0 og 1 - sett saman av kor mange poeng dei oppnår innan fire område: økonomisk deltaking og moglegheiter, utdanningsnivå, helse og overleving, og dessutan politisk deltaking.

Noreg og Island har i fleire år hatt dei to topplasseringane, med unntak av 2016, då Finland gjekk forbi Noreg. Finnane ligg i år på fjerde plass, rett bak Sverige, som tek den siste pallplassen.

Dei andre landa på topp-ti-lista er Nicaragua, Rwanda, New Zealand, Filippinane, Irland og Namibia. Dei sju første landa på lista er dei einaste som oppnår ein poengsum på meir enn 0,8, noko som indikerer at landa er meir enn 80 prosent likestilt. Dersom eit land hadde oppnådd perfekt likestilling, ville poengsummen vorte 1.

Noregs score er 0,835 og tilseier altså at vi er 83,5 prosent likestilt. Innan utdanning oppnår både Noreg og Island 0,999 poeng. Likevel er vi berre på 41.-plass i denne kategorien sidan ei lang rekke land får full pott og 1 poeng.

Helse er det området der det er minst som skil landet i verda, noko som gjer at Noreg med ein poengsum på 0,972 hamner på ein 95.-plass. Innan politikk er vi på tredjeplass med ein poengsum 0,563.

(©NPK)

I Noreg, som er det nest mest likestilte landet i verda, blir regjeringa leidd av tre kvinnelege partileiarar: kulturminister Trine Skei Grande (V, til venstre), statsminister Erna Solberg (H) og finansminister Siv Jensen (Frp). Arkivfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix