Annonse

Noreg slo Island med ti mål i junior-VM i handball

Dei norske juniorgutane i handball har for alvor fått fart på sakene under VM. Fredag tok laget sitt andre strake siger då dei banka Island 29-19.

Det vart ein fysisk tøff kamp mellom Island og Noreg, og det var det norske laget som kom best ut av bataljen. Nordmennene kom bra i gang og gav aldri frå seg initiativet i kampen.

Noreg heldt på leiinga gjennom ein forholdsvis målrik første omgang og gjekk til pause med 17-11-leiing. Det norske laga heldt fram å halde trykket oppe gjennom andre omgang og hadde fleire flotte angrep som gav store luker.

Bakarst i det norske målet stod ein solid Robin Paulsen Haug, som også vart kåra til den beste spelaren i kampen. Island kom aldri nærare Noreg enn fire mål og måtte til slutt sjå seg overvunne med heile ti mål.

Noreg innleidde meisterskapen med eit knipent tap for Danmark, men slo tilbake med siger over Chile. Laurdag er Tyskland motstandar. Gruppespelet blir avslutta mot Argentina måndag.

Noreg har gode moglegheiter til å ta seg vidare til åttedelsfinale.

(©NPK)

Elverums Simen Holand Pettersen scora tre mål for Noreg i kampen mot Island i junior-VM fredag. Foto: Geir Olsen / NTB scanpix