Annonse

Norsk forsking får nær ein halv milliard klimakroner frå EU

Gjennom den nyaste utlysinga frå EU-rammeprogram får norske forskarar, privat næringsliv og offentleg sektor 470 millionar kroner til klimaforsking.

– Resultatet viser at vi har sterke forskings- og innovasjonsmiljø, som både har gode innspel til løysingar på klimautfordringane og som er attraktive å samarbeide med, seier forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp) i ei pressemelding.

Horisont 2020, EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, skal fordele 9,4 milliardar kroner. Noreg får fem prosent av midlane.

– Det at norske miljø gjer det så godt i konkurranse med andre europeiske land viser at omstillinga vi må igjennom òg gir store moglegheiter for Noreg, seier næringsminister Jan Christian Vestre (Ap).

Det vart sendt inn 1.550 søknader, og 72 prosjekt fekk støtte. Noreg er involvert i 23 av desse.

(©NPK)

Forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp). Foto: Torstein Bøe / NTB / NPK