Annonse

Norsk vaksine-topp valt inn i det amerikanske vitskapsakademiet

Noregs globale helseambassadør, John-Arne Røttingen, er valt inn i det amerikanske medisinske akademiet.

John-Arne Røttingen, Noregs globale helseambassadør, er valt inn som eitt av ti nye internasjonale medlemmer i det amerikanske medisinske akademiet i 2021. Det skriv Regjeringa i ei pressemelding.

Grunngivinga er Røttingens innsats for å stimulere til innovasjon for å møte store folkehelsebehov. Akademiet trekkjer særleg fram innsatsen til Røttingen i etableringa av vaksineutviklingskoalisjonen Cepi, som har hovudkvarter i Noreg.

Røttingen sjølv er glad for utnemninga.

– Det er sjølvsagt ei ære for meg personleg. Eg ser det likevel primært som ei stadfesting på at rolla til Noreg innan global helse blir verdsett, og at vi ofte tek faglege leiarroller i å koordinere forsking og andre prosessar, seier Røttingen.

(©NPK)

John-Arne Røttingen.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB