Annonse

Ny måling: Veljarane flyktar frå Ap og Høgre

Høgre er nede på 19,9 prosent, medan Arbeidarpartiet får ei oppslutning på 23,1 prosent på VGs siste kommunevalsmåling. Samtidig styrker Frp seg.

- Det er første gong på lenge at vi ser Høgre under 20 prosent, seier Thore Gaard Olaussen i Respons Analyse.

Statsminister Erna Solberg (H) nektar ikkje for at bompengekrisa tærer på Høgres oppslutning.

- Når det er mykje bråk, synest Høgres veljarar at det ikkje skal vere bråk. Sånn er det alltid på meiningsmålingane. Når det er mykje diskusjon om ulike spørsmål i regjeringa, vil dei gjerne ha ei ordning og løysing på tinga, seier Solberg til VG.

Frp-leiar Siv Jensen skriv i ein e-post til VG at ho meiner målinga som gir partiet 9,8 prosent, er ei oppmuntring:

- Ei hyggeleg oppmuntring når vi kjempar for lågare bompengar for folk flest, skriv Frp-leiaren til VG. Oppslutninga er 0,3 prosentpoeng høgare enn ved kommunevalet for fire år sidan og 1,4 prosentpoeng høgare enn førre veke.

Raudt får ei oppslutning på heile 4,7 prosent, noko som er bortimot ei dobling sidan førre kommuneval.

Resultata i målinga er som følgjer (endring frå valet 2015 i parentes):

Ap 23,1 prosent (-9.9 prosentpoeng), Høgre 19,9 (-3,3), Frp 9,8 (+0,3), Sp 13,1 (+4,6), KrF 5,1 (-0,3), Venstre 3,5 (-2), SV 6,7 (+2,6), MDG 7,7 (+3,5), Raudt 4,7 (+2,7) og FNB 2,8 prosent.

Feilmarginen på målinga er inntil 3 prosentpoeng og størst for dei største partia. Målinga er tatt opp mellom 16. og 21. august, og 1.000 personar er spurde.

(©NPK)

Statsminister Erna Solberg og Ap-leiar Jonas Gahr Støre slit med oppslutninga. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix