Annonse

Nye børsrekordar i New York

Amerikanske investorar børsta bort bekymringane om handelskonfliktar og politisk uro og sende Dow Jones og S & P 500-indeksane til nye rekordnivå.

Amerikanske investorar børsta bort bekymringane om handelskonfliktar og politisk uro og sende Dow Jones og S & P 500-indeksane til nye rekordnivå.

Industriindeksen Dow Jones og den breie S & P 500-indeksen sett begge ny rekord torsdag.

Teknologiaksjar, bankar og selskap innan helse og omsorg stod bak mykje av løftet, mens energiselskapa hadde ein nedgang i takt med prisen på råolje. Ein svakare dollar, som hjelper amerikanske eksportfirma, i tillegg til ei blanding av oppløftande økonomiske rapportar bidrog til kjøpelyst blant investorar. Det er ei bråvending frå tidlegare i veka då handelskonflikten mellom USA og Kina skapte mykje uro.

S & P-indeksen steg 0,8 prosent til 2.930 poeng, og slo dermed rekorden frå 29. august. Dow Jones enda på 26.661 poeng, opp 1 prosent, og slo dermed den førre «all time high»-rekorden som blei sett 26. januar.

Vegen sidan rekorden i januar har vore turbulent. Like etter toppen blei nådd då, stupte marknaden i februar og igjen i mars. På eitt punkt raste Dow Jones ned heile 11,6 prosent frå januartoppen. Dette kjem grunna bekymringa til investorane over aukande renter og potensielle konsekvensar av handelskonflikten med Kina.

Også teknologiindeksen Nasdaq hadde markert oppgang torsdag, den steig 1 prosent til 8.029 poeng.

(©NPK)

Dow Jones og S & P 500-indeksane steig til nye rekordnivå på børsane i New York torsdag. Foto: Richard Drew / AP / NTB scanpix