Møre

Møre

– Varmesen er eit stort pluss for Volda

– Det kjennest godt å få opninga overstått. Eg er letta av å ha kome i mål, seier ein nøgd butikkdrivar Anne Grethe Schjelderup. Her saman med tre gode hjelparar på opningsdagen: Therese Strand, mor Astrid Schjelderup og Tove Sylte.

Onsdag opna dørene til den nye butikken Varmesen i Volda. Mange tok turen innom opninga, og etter alle godorda frå kundane å dømme er det tydeleg at dette er eit ynskja og etterlengta tilbod i Volda.

Møre
Møre

Publisert:

No er det liv igjen i det tradisjonsrike Narvesen-lokalet i Hamnegata. Varmesen, som spelar på namnet til kiosken, satsar på dei populære Janus-produkta, men også klede frå andre merker og interiør til både barn og vaksne.

Ordførar Sølvi Dimmen fekk æra av å klippe snora og opne butikken.

– Det er utruleg kjekt å kome køyrande inn og sjå at det er lys og liv i dette lokalet. Varmesen har turt å satse og no er det veldig viktig at vi støttar opp om og brukar butikken. Vi i Volda er med på å bestemme kva som skal skje, seier Dimmen, og viser til Jernia som etablerte seg på Spinneriet i slutten av november.

– Dette er den andre butikken som opnar i Volda på kort tid, og det gjev grunn til optimisme.

– Gledeleg at Varmesen satsar på Janus-produkt

Sjølve lokalet har fått eit løft med ny måling, og er ope og lyst. Butikkdrivar Anne Grethe Schjelderup er godt nøgd med resultatet, og gler seg over at mange kundar har teke turen innom på opningsdagen. Det var mange godord å høyre frå kundane.

– Vi ynskjer butikken lukke til. Vi brukte Janus mykje før dei la ned, og er veldig glade for at det no har opna ein ny butikk som sel Janus-produkt. Vi ser fram til å handle her, seier Asbjørn og Jorunn Kalland.

Ekteparet har budd i Volda sidan 1979. Dei vaks opp i Arna utanfor Bergen – berre éi mil frå Janus-fabrikken.

– I mine fyrste leveår budde eg 200 meter frå fabrikken, og det var mange i familien min som arbeidde der. Vi har begge gått i Janus-klede frå vi var små. Ein kan vel seie at vi er blitt forplikta til å bruke Janus – men det har vi aldri angra på, smiler Asbjørn.

– Det beste som kunne skje etter Narvesen

Paret synest det er flott at Varmesen har etablert seg i det gamle Narvesen-lokalet.

– Narvesen var eit knutepunkt i Volda, ein treffstad som vi besøkte mykje. Per Hjelle, som dreiv Narvesen i mange år, var veldig imøtekomande. Han hadde alltid nyhende om kva som skjedde i Volda og ute i verda. Her kunne ein kjøpe aviser og lytte til alle diskusjonane, om fotball og politikk. Om ein ville vite noko – så gjekk ein på Narvesen, minnast Asbjørn.

Det har vore litt tomt i gata etter at Narvesen la ned i fjor, men no har Volda fått eit stort pluss, meiner paret.

– Når Narvesen la ned, var dette det beste som kunne skje. Vi håpar folk er flinke til å bruke Varmesen. Det er flott med ein butikk som har kjende produkt som vi veit held god kvalitet.

– Volda har fått ein oppsving

Volda-ordføraren er imponert over den nye butikken.

– Det er ein kjempefin butikk, og det er kjekt at den har fått eit eige område der ein kan slå seg ned, ta ein kaffi og prate saman. Kanskje vert dette det nye «Narvesen-treffet»? Ja, her kan ein nok løyse ein del verdsproblem, smiler Dimmen, og held fram:

– Det er godt for folkehelsa å kome seg ut og treffe andre. I tillegg er det meir berekraftig å handle lokalt. Klimaavtrykket vert langt mindre enn om alle sit heime og bestiller varer heim på døra.

Ordføraren har lagt merke til at Volda har fått ein oppsving den siste tida, særleg etter at handelsstanden starta aksjonen «Med hjarte for Volda».

– Eg ser meir folk i gatene og fleire bilar. Det verkar som det har skjedd ei oppvakning, og eg håpar butikkane opplev det same. Folk må berre halde fram å satse og opne nye butikkar – eg kjem!

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukerkonto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...