Annonse

Nytt poengtap for Noreg i G19-EM i fotball

Endå ein gong vart det stong ut for Noregs fotballjuniorar i G19-EM. Trass i store sjansar vart det berre 0-0 og eitt poeng mot Tsjekkia torsdag kveld.

Resultatet gjer at Noreg står med to poeng på like mange kampar. Dermed vil oppgjeret på søndag mot Frankrike avgjere om Noreg avanserer til semifinale. Eitt poeng mot Tsjekkia gjer at mannskapet til Gunnar Halle aller helst må slå franskmennene.

Sjølv om oppgjeret enda mållaust, var Noreg svært nære ved å få hol på byllen.

Jørgen Strand Larsen hadde ei gigantisk moglegheit til å sikre norsk leiing til pause. Sarpsborg 08-spelar kom seg inn i feltet og drog av ein forsvarar, men skotet gjekk på innsida av stanga og ut.

Like etter pause var Erik Botheim nokre skostorleikar unna å setje Edvard Tagseths innlegg i mål.

Noreg pressa på for siger, og kvarteret før slutt dirra det på ny i metallet i Armenia. Skotet til Elias Kristoffersen Hagen frå 16 meter gjekk i tverrliggaren og over.

Opningskampen på måndag mot Irland enda 1-1 etter at Noreg rota bort sigeren i sluttminutta.

Dei to beste i dei to gruppene går vidare til semifinalane på onsdag. Finalen blir spelt 27. juli.

(©NPK)

Sarpsborg 08-spelar Jørgen Strand Larsen hadde ei gedigen moglegheit til å score i Noregs 0-0-kamp mot Tsjekkia i G19-EM torsdag. Foto: Christoffer Andersen / NTB scanpix