Annonse

Omkommen dykkar funnen i Søgne

(NPK-NTB): Ein omkommen dykkar er funnen i Søgne i Vest-Agder. Politiet antar at det er 20-åringen frå Risør som har vore sakna sidan 5. oktober.

Dei pårørande er varsla, opplyser Agder politidistrikt på Twitter.

Funnet er gjort 90 meter vest for der mannen forsvann under eit dykk, skriv Fædrelandsvennen.

Steinar Monsen, båtførar for Søgne Dykkerklubb, fortel at dykkaren blei funnen på 38 meters djup. (©NPK)