Annonse

Opec og Russland samde om oljekutt

Opec-landa og Russland er samde om å kutte oljeproduksjonen med ytterlegare 500.000 fat per dag. Oljeprisen byksa opp etter nyheita.

Avgjerda vart presentert fredag, etter lange diskusjonar i oljekartellet Opecs hovudkvarter i Wien. Prisen på nordsjøolje steig over 2 prosent etter at avgjerda var stadfesta.

Opec-landa og Russland vart for tre år sidan samde om å avgrense den samla produksjonen sin med 1,2 millionar fat per dag. Målet var å løfte oljeprisen. Frå og med årsskiftet blir målet å avgrense produksjonen med til saman 1,7 millionar fat.

I tillegg til dette blir det varsla at Saudi-Arabia og enkelte andre land vil vidareføre såkalla frivillige bidrag som gjer at det samla kuttet blir på 2,1 millionar fat per dag.

Eit vanskeleg punkt har vore korleis produksjonskutta skal fordelast mellom landa som blir omfatta av avtalen. Fleire av dei har den siste tida produsert meir olje enn venta.

Opec-landa ønsker å halde oljeprisen oppe, men samtidig prøver dei å unngå å miste marknadsdelar til USA.

Oljeproduksjon både i USA og land som Canada, Brasil og Noreg kan bidra til å dempe effekten av produksjonskutta til Opec og Russland.

(©NPK)

Saudi-Arabias oljeminister, prins Abdulaziz bin Salman Al-Saud, før OPEC-møtet i Wien begynte torsdag. Foto: Ronald Zak / AP / NTB scanpix