Annonse

Oppgang på asiatiske børsar

Børsnedgangen dei siste dagane bremsar opp, og fredag peikte dei fleste piler i Asia igjen oppover.

Nikkei-indeksen i Tokyo fall rett nok med 0,46 prosent og stengde på 22.694,66, mens den breitt samansette Topix-indeksen steig med marginale 0,03 prosent og enda på 1.702,45 poeng.

Kospi-indeksen i Seoul låg også rundt 1,5 prosent høgare fredag ettermiddag, og Hang Seng-indeksen i Hongkong låg 1,8 prosent høgare enn dagen før.

Også i Shanghai, Mumbai og Sydney var det børsoppgang, og det same var tilfellet på Taiwan, i Thailand og Indonesia.

Sjølv om børsfallet i USA dei siste dagane har vore betydeleg, blir det framleis sett på som ein korreksjon.

Den industritunge Dow Jones-indeksen var torsdag tilbake på juli-nivå, men har likevel klatra med rund 4 prosent sidan årsskiftet. Den breitt samansette S & P 500-indeksen har også falle tilbake til juli-nivå, men har stige med 1,2 prosent sidan nyttår.

Den teknologitunge Nasdaq-indeksen ligg på same nivå som i mai, og har klatra med rundt 4,6 prosent sidan årsskiftet.

(©NPK)

Dei fleste piler peikte igjen oppover på asiatiske børsar fredag. Foto: AP / NTB scanpix