Annonse

Opprop mot høgreekstremisme prega tiårsmarkeringa på Utøya

Det politiske aspektet rundt 22. juli-terroren gjekk igjen i nær alle talar under tiårsmarkeringa på Utøya, der både kronprinsen og overlevande talte.

I fjor var bakken på Utøya nærast heilt tom på minnemarkeringa på grunn av strenge koronarestriksjonar. I år var ho fylt til randa av både kongelege, politikarar og andre ramma.

Det varme sommarvêret stod i stor kontrast til den regntunge dagen for nøyaktig ti år sidan.

Blant dei nærverande var statsminister Erna Solberg (H), Nato-sjef Jens Stoltenberg, tidlegare AUF-leiar Eskil Pedersen og tidlegare Ap-statsminister Gro Harlem Brundtland. Kronprinsparet var òg til stades, saman med prinsesse Ingrid Alexandra.

Kronprins Haakon sa frå talarstolen at mange av dei overlevande og ramma har opplevd å stå åleine i kampen mot dei høgreekstreme kreftene.

– Det er ikkje vanskeleg å forstå at det kjennest urimeleg. Slik skal det ikkje vere. Det er vårt personlege og kollektive ansvar å arbeide mot desse kreftene, kvar dag. Landet vårt har smerteleg erfart at det er nødvendig, sa han.

– Meir utsett no enn for ti år sidan

Denne veka vart minnesmerket for Benjamin Hermansen tagga ned på Holmlia i Oslo, ingen er arresterte i saka. PST slapp for få dagar sidan ein rapport om korleis det høgreekstreme miljøet i Noreg blomstrar på nettet.

For to år sidan vart Johanne Zhangjia Ihle-Hansen drepe i Bærum. Ap-leiar Jonas Gahr Støre meiner at det norske samfunnet er meir utsett for den høgreekstreme trusselen no enn for ti år sidan.

– Det er eit nederlag for oss som samfunn og eit nederlag for demokratiet. Men no står vi her, og då kan vi seie: Samfunnsberedskap no og framover krev meir av oss, sa Støre.

– Politikarar på høgresida må no heve stemma og trekkje klare grenser opp mot det høgreekstreme og ikkje lukke auga, sa Ap-leiaren.

Statsminister Erna Solberg (H) seier til NTB at høgreekstreme krefter har vakse i både Noreg og Europa. Ein har teke tak i spørsmåla i 22. juli-debatten, men ein høglydt debatt har kanskje halde seg borte, meiner ho.

– Dette må vi debattere heile tida. Kampen mot høgreekstremisme, vald og ekstremisme generelt mot dei som ønskjer å øydeleggje demokratiet vårt, det må vi ta heile tida – det er ikkje eitt oppgjer, seier ho til NTB.

Etterlyste nytt løfte

AUF-leiar Astrid Hoem overlevde sjølv terroren på Utøya. I fjor tok ho over leiinga av ungdomspartiet etter Ina Libak.

– For ti år sidan reiste vi hit til øya for å forandre verda, men så vart verda vår endra for alltid, sa AUF-leiaren i talen sin.

Den siste tida har mange overlevande snakka ut om det politiske aspektet knytt til terroren. Debatten om terroren har vore for lite prega av dette, har mange sagt. Hoem understreka at angrepet var eit direkte angrep på AUF og Arbeidarpartiet.

Ho etterlyste eit fornya løfte frå befolkninga om å kjempe mot hat og ekstremisme.

– Når vi som ungdomsorganisasjon ramma av terror, klarer å reise oss igjen og stå opp mot det same hatet som ramma oss, ja, då kan resten av Noreg òg klare det, sa ho.

Sterke talar frå ramma

I år var det fleire overlevande og pårørande blant talarane enn det som har vore vanleg dei førre markeringane på øya.

Blant talarane var Merete Stamneshagen som sjølv mista dottera for ti år sidan. Ho trekte fram korleis mange overlevande og ramma framleis slit med både psykiske plager og hets.

Eirik Kursetgjerde, som også overlevde Utøya-terroren, heldt òg tale, medan Gunnar Sæbø, som mista sonen på Utøya, framførte eit dikt.

Artisten Sebastian Zalo stod for musikalske innslag. Etterpå var det namneopplesing og nedlegging av krans nede ved kaien.

(©NPK)

Nedlegging av krans ved kaia på Utøya. Frå venstre: Kronprinsparet og prinsesse Ingrid Alexandra, Støttegruppa-leiar Lisbeth Røyneland, AUF-leiar Astrid Hoem, Ap-leiar Jonas Gahr Støre og statsminister Erna Solberg (H). Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Det var mange som deltok i tiårsmarkeringa på Utøya torsdag, mellom dei kronprinsparet. Foto: Beate Oma Dahle / NTB / POOL

Kronprins Haakon var blant talarane og understreka det kollektive ansvaret alle har om å kjempe mot høgreekstremisme kvar einaste dag, Foto: Torstein Bøe / NTB / POOL

Også Oslo-byrådsleiar Raymond Johansen (Ap), LO-leiar Peggy Hessen og tidlegare statsminister og Ap-leiar Thorbjørn Jagland var med på tiårsmarkeringa på Utøya. Her ved minnemerket på øya. Foto: Beate Oma Dahle / NTB / POOL

To tidlegare statsministrar, Gro Harlem Brundtland og Jens Stoltenberg. Foto: Torstein Bøe / NTB

Mange naboar kom til unnsetning med båtane sine på terrordagen. På tiårsdagen var det mange båtar som hadde teke turen rundt øya. Politiet var naturleg nok på plass med store styrkar for å passe på øya. Foto: Torstein Bøe / NTB