Annonse

Oslo Børs starta veka med svak oppgang

Hovudindeksen på Oslo Børs enda måndag opp 0,55 prosent til 1204,17 poeng.

Blant dei mest omsette aksjane gjekk Equinor og Norsk Hydro opp med høvesvis 2,07 og 2,09 prosent.

Dagens store vinnar var helseportalen Patientsky group, som gjekk opp 29,8 prosent til 4,42 kroner etter at den administrerande direktøren i selskapet snakka opp selskapet i finansmediet Børsen, skriv Dagens Næringsliv.

Oljeprisen gjekk òg noko opp og vart omsett måndag ettermiddag for 84,76 dollar fatet, ein auke på 0,80 prosent.

(©NPK)

Oslo Børs bygning i Oslo.
Foto: Erik Johansen / NTB