Annonse

Over 160 miljøaktivistar drepne i fjor

Meir enn tre miljøvernarar vart drepe kvar einaste veke i fjor, ifølgje organisasjonen Global Witness. 30 av totalt 164 drap skjedde på Filippinane.

Det sørasiatiske landet er dermed det farlegaste i verda for personar som kjempar mot øydelegging av landområde og vern av miljøet.

I Colombia måtte 24 menneske bøte med livet for miljøinnsatsen sin, medan tilsvarande tal for India er 23 og for Brasil 20.

Tala betyr at Brasil for første gong sidan 2012 ikkje toppar lista, noko som ifølgje Global Witness kan ha samanheng med den generelle nedgangen i talet på drap i landet i fjor. Like fullt er Latin-Amerika den farlegaste regionen å vere miljøaktivist i, og over halvparten av drapa skjedde i denne regionen.

Samtidig er det verd å merke seg at talet for fjoråret er betydeleg lågare enn i 2017, då 201 aktivistar vart registrert drepne.

Gruvesektoren

Statistikken viser at det først og fremst er aktivistar som motset seg gruveaktivitet, som risikerer å bli angripe. Heile 43 av drapa hadde tilknyting til denne sektoren.

I Mexico vart Julián Carrillo ein del av den dystre statistikken i fjor. Han måtte bøte med livet for innsatsen sin for å verne landområde i Chihuahua-delstaten i Mexico mot nettopp gruvedrift.

- Han hadde opplevd at fem familiemedlemmer vart drepne dei siste to åra og fekk huset sitt brent ned. Julián hadde fått tallause drapstruslar før han vart funnen drepen 24. oktober i fjor med kroppen gjennomhola av kuler, skriv Global Witness i rapporten sin.

Vanskeleg å etterforske

Omfattande immunitet mot rettsforfølging gjer det vanskeleg å identifisere kven som står bak lovbrota, men Global Witness meiner å kunne knyte tryggingstenestene i ulike land til 40 av drapa.

- Private aktørar som leigemordarar, kriminelle gjengar og landeigarar er mistenkte angriparar i 40 tilfelle, heiter det.

Global Witness meiner òg at både regjeringane i ulike land og næringslivet ikkje greier å ta tak i dei underliggande årsakene til problema, nemleg at lokalsamfunn blir påtvunge øydeleggande utbyggingar og prosjekt utan samtykke.

Organisasjonen meiner dessutan å sjå ein samanheng mellom nedgangen i talet drap og bruk av andre verkemiddel for å stilne kritikarar.

- Kriminalisering og aggressive sivile saker blir brukte for å kneble miljøaktivisme og dei som kjempar for landsrettar rundt om i verda, inkludert i «utvikla» land som USA og Storbritannia, heiter det.

(©NPK)

Regnskogen i Indonesia er sårbar og trua av avskoging. Sterke næringsinteresser kjem ofte i konflikt med behova til lokalbefolkninga eller krav frå miljøaktivistar, ikkje berre i Indonesia, men også i ei rekke andre land. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix