Annonse

Øygarden FK er konkurs

Fotballklubben Øygarden FK vart fredag slått konkurs etter fleire månader med uvisse, skriv Bergens Tidende.

Ifølgje avisa skal Øygarden, som speler på nivå tre i norsk fotball, mangle om lag tre millionar kroner for å klare seg ut sesongen. Fredag vart det halde samtalar med lokalt næringsliv om pengestøtte, utan at det har ført fram.

– Det er ufatteleg trist. No er det 18 mann som står utan klubb. Vi har vorte stilt fri, seier ein av spelarane, Andreas Fantoft til BT.

Øygarden skulle opphavleg spelt mot Ørn-Horten laurdag, men den kampen blir stroken saman med resten av kampprogrammet til klubben i serien. Det venta også ein NM-kamp mot Sotra, men det er uklart kva som vil skje med han, skriv avisa.

(©NPK)

Øygarden FK blir slått konkurs. Foto: Marit Hommedal / NTB / NPK