Annonse

Palestinarar drepne på Gazastripa

To palestinarar er skotne og drepne av israelske soldatar under demonstrasjonar på Gazastripa, ifølgje palestinske helsestyresmakter.

Ein av mennene vart drepen av skot i brystet under ein protest aust for flyktningleiren El Bureij, opplyser styresmaktene ifølgje den israelske avisa Haaretz.

55 demonstrantar er så langt såra, og tilstanden blir omtalt som kritisk for to av dei.

(©NPK)