Annonse

Panasonic vurderer å stoppe samarbeidet med Huawei

Det japanske teknologiselskapet Panasonic kan komme til å stoppe delar av samarbeidet med det kinesiske konsernet Huawei som følgje av USAs handelsforbod.

Det vart klart torsdag, sjølv om ulike utsegner frå Panasonic bidrog til ei viss uvisse om kva selskapet har valt å gjere.

I ei første fråsegn heitte det at Panasonic har instruert dei tilsette til å stanse handelen med Huawei og 68 dotterselskap som er omfatta av det amerikanske forbodet.

Avgjerda gjaldt varer som er sett saman med 25 prosent eller meir av materiale eller med teknologi som stammar frå USA, ifølgje nyheitsbyrået Reuters.

Seinare la likevel Panasonic ut ei fråsegn på den kinesiske nettsida si, der det stod at sal til Huawei held fram som normalt.

Ifølgje den britiske kringkastaren BBC er det samarbeid som ikkje er i strid med det amerikanske forbodet, som kjem til å halde fram.

Tidlegare denne veka vart det kjent at både Google og prosessor-produsentane Qualcomm, Intel og Broadcom vil føye seg etter president Donald Trumps ordre om å kutte banda til den kinesiske telekomgiganten.

Presidenten har i praksis gitt amerikanske selskap forbod mot å forsyne Huawei med komponentar. I tillegg kan Huawei bli tvinga til å droppe operativsystemet Android frå telefonane sine.

(©NPK)

Fleire selskap bryt eller reduserer samarbeidet sitt med den kinesiske telekomgiganten Huawei etter at USA har innført forbod mot å handle med selskapet. Foto: Paul White/ AP / NTB scanpix