Annonse

Pave Frans hardt ut mot umenneskeleg behandling av flyktningar

Pave Frans meiner måten migrantar og flyktningar blir behandla på i dag, minner om måten menneske vart behandla på under Stalin og nazistane.

Menneske på flukt frå fattigdom og krig blir utsette for tortur og slaveri, påpeika paven då han fredag talte under ei messe i Nikosia på Kypros.

– Det minner oss om historia i det førre hundreåret, om nazistane, om Stalin, og vi lurer på korleis dette kan ha skjedd, sa paven.

– Det som skjedde då, skjer no, la han til.

– Det finst stader med tortur, menneske som blir selde. Eg seier det fordi det er mitt ansvar å opne auga dykkar. Vi ser det som skjer, og det verste er at vi er vorte vande til det. Det å bli vant til det er ein svært alvorleg sjukdom, sa paven vidare.

Full kyrkje

Kristne frå Midtausten, Afrika og Asia fylte benkeradene i kyrkja, som ligg like ved buffersona mellom den tyrkisk-kypriotiske og gresk-kypriotiske delen av øya.

Under messa takka paven for alle vitnesbyrda han har fått frå menneske frå ulike delar av verda under besøket sitt på Kypros.

– Det at de er til stades, migrantbrør og -søstrer, er svært viktig, sa paven og uttrykte håp om ei verd utan murar mellom menneske, der alle kan vere stolte av eigenarten og individualiteten sin.

– Vi bør ikkje vere redde for forskjellane mellom oss, men for trongsynet og fordommane som kan hindre oss i å møte kvarandre på ekte og reise saman, sa pave Frans.

Til Lésvos

Besøket til paven på Kypros har vore sterkt prega av engasjementet hans for flyktningane og migrantane i verda. Laurdag reiser han vidare til Hellas, der han mellom anna skal innom øya Lésvos.

Der er tusenvis av asylsøkjarar innkvarterte i ein lukka leir etter at den sterkt kritiserte Moria-leiren brann ned.

Under besøket på Kypros har paven gitt beskjed om at han vil ta med 50 asylsøkjarar til Italia. Blant dei er ti personar som har sete fengsla, og dessutan to asylsøkjarar frå Kamerun som i månadsvis har budd i eit telt i buffersona på øya, utan moglegheit til å komme vidare.

(©NPK)

Pave Frans under messa i Nikosia. Foto: Alessandra Tarantino / AP / NTB

Folk ventar utanfor kyrkja i Nikosia, der pave Frans talte fredag. Paven er på ein fem dagar lang tur til Kypros og Hellas. Foto: Petros Karadjias / AP / NTB

Ein politimann held vakt før paven kjem til kyrkja i Nikosia. Foto: Petros Karadjias / AP / NTB