Annonse

Politiet: Nye funn av klede i leiteaksjonen i Kvam – ny vurdering torsdag morgon

Intensiv leiting onsdag medførte ikkje funn av dei sakna personane i Kvam. Leiteforholda er krevjande, og politiet gjer ny vurdering torsdag morgon.

– Vi håpar at vi skal finne dei. Vi har teoriar om kvar dei sakna kan vere, og set i verk tiltak på aktuelle stader for å finne dei, seier innsatsleiar Svein Laupsa under ein pressekonferanse onsdag kveld.

– Med tanke på morgondagen tek vi ei vurdering i morgon tidleg om kva tiltak vi gjer i morgon, sa Laupsa.

Leitemannskapa har nytta gode vêrforhold onsdag til intensivt søk med ekstra ressursar. Framover er det venta meir uvêr.

– Vi jobbar så lenge vi tenkjer er fornuftig å halde på for å finne dei, sa Laupsa.

– Mest ekstreme oppdraget vi har hatt

Innsatsleiaren beskriv søkjeområdet som risikabelt å jobbe i. Frode Nygård i det lokale Røde Kors fortalde at leiteforholda har vore ekstremt krevjande.

– Det er det mest ekstreme oppdraget vi har hatt, når det gjeld terreng og risiko. Det er det ingen tvil om.

Kjell Arne Pedersen (64), Nils Johan Bårdsen (72) og Ruth Wathne (68) er sakna etter at dei søndag kveld prøvde å krysse Tokagjelselva i ein liten båt like over ein stor foss med eit fall på 15 meter.

Sidan då har store mannskap bidrege, i det som først var ein redningsaksjon. Politiet uttalte måndag at dei ikkje lenger har håp om å finne dei tre i live, og det blir no søkt etter anteke omkomne.

Fann klede

Politiet opplyser at det er gjort funn av det som truleg er klede som tilhøyrer dei sakna i Tokagjelselva i Kvam.

– Redningsmannskap har teke seg ned og lokalisert gjenstandane og teke dei med seg opp igjen. Dette er gjenstandar som det er grunn til å tru at tilhøyrer dei sakna. Det er primært klede og andre ting, seier innsatsleiar Svein Laupsa.

Det er òg tidlegare funne klede, i tillegg til årar og ein båt. Det er funne andre gjenstandar òg, men desse ville ikkje Laupsa gå nærare inn på.

(©NPK)

Sidan søndag kveld har politi og andre leitemannskap søkt etter tre personar i Tokagjelselva i Kvam. Foto: Marit Hommedal / NTB / NPK