Annonse

Politiet opprettar undersøkingssak etter cruisehavariet

Politiet i Møre og Romsdal opprettar undersøkingssak etter at cruiseskipet "Viking Sky» fekk motorhaveri i Hustadvika laurdag.

- Det finst ingen mistanke om straffbare forhold i denne saka. Men straffeprosesslova heimlar at det blir gjennomført undersøkingar for å avklare årsaka ved ei slik hending, sjølv om det ikkje finst slik mistanke, seier politiinspektør Yngve Skovly i Møre og Romsdal politidistrikt.

I tillegg til denne saka, har politidistriktet også oppretta undersøkingssak i tilknyting til motorhavariet som lasteskipet "Hagland Captain" fekk i Hustadvika same ettermiddag.

Skovly understrekar at politiet samarbeider med andre norske styresmaktsorgan som gjer undersøkingar i samband med desse to motorhavaria.

(©NPK)