Annonse

RBK drillar Hedenstad som venstreback

Vegar Eggen Hedenstad er klar for spel igjen etter å ha vore ute med skade. Det er godt nytt for Rosenborg, som manglar venstrebackar.

Hedenstad skulle eigentleg konkurrere med Erling Dahl Reitan om høgrebackplassen i år, men etter at både Birger Meling og erstattaren Anders Trondsen har vorte selde, blir no Hedenstad drilla i rolla som venstreback, skriv Adresseavisen.

– Vegar spelte svært godt som venstreback i Stabæk, sjølv om det er ei god stund sidan, seier RBK-assistent Geir Hansen i Adressa-podkasten Rasmus & Saga.

Hedenstad har gått glipp av dei fire siste kampane med ein leggskade, men seier han er klar for spel.

– Det går bra med meg og beina. Eg er tilbake og klar for kamp, seier Hedenstad til Nettavisen.

Dersom han likevel ikkje blir klar til kampen på søndag mot Aalesund, er òg Gustav Valsvik og Edvard Tagseth alternativ til å fylle venstrebackplassen.

(©NPK)

Bekkestua 20200705.
Rosenborg-spelar Vegar Eggen Hedenstad under eliteseriekampen i fotball mellom Stabæk og Rosenborg på Nadderud stadion søndag.
Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix