Annonse

Real Madrid er den mest verdifulle fotballklubben i verda

Real Madrid skyv Manchester United ned frå trona og er no den mest verdifulle fotballklubben i verda. Det viser den årlege kåringa til magasinet Forbes.

Framleis er det NFL-klubben Dallas Cowboys som toppar lista over dei mest verdifulle idrettsklubbane i verda. Han er nummer éin for fjerde gong på rad, og er no verdsett til fem milliardar dollar, tilsvarande cirka 42,8 milliardar kroner.

Baseballklubben New York Yankees er på andreplass, medan Real Madrid er nummer tre. Deretter følgjer Barcelona og basketballaget New York Knicks.

Dei amerikanske idrettane dominerer topplista. Av dei 20 mest verdifulle idrettsklubbane er 16 av dei frå enten NFL (amerikansk fotball), NBA (basketball) eller MLB (baseball).

Real Madrid er verd 4,2 milliardar dollar, litt over 36 milliardar kroner. Manchester United, som blir trena av Ole Gunnar Solskjær, var i fjor rekna som den mest verdifulle fotballklubben i verda, men har no falle til ein tredjeplass. Den engelske storklubben får anslått ein verdi på 3,8 milliardar dollar. Det svarer cirka til 32,5 milliardar kroner.

Som vanleg er det britiske klubbar som dominerer på lista over dei ti mest verdifulle fotballklubbane. Dei seks største klubbane på balløya er alle inne på topp-ti-lista.

Dei ti mest verdifulle fotballklubbane i verda (verdi i kroner):

1) Real Madrid (36,3 mrd.)

2) Barcelona (34,5 mrd.)

3) Manchester United (32,5 mrd.)

4) Bayern München (25,9 mrd.)

5) Manchester City (23 mrd.)

6) Chelsea (22,1 mrd.)

7) Arsenal (19,4 mrd.)

8) Liverpool (18,7 mrd.)

9) Tottenham (13,9 mrd.)

10) Juventus (13 mrd.).

(©NPK)

Luka Modric (til venstre) speler i den mest verdifulle fotballklubben i verda, nemleg Real Madrid. Foto: Michael Wyke / AP / NTB scanpix