Annonse

Regelendringar gjer det lettare for tennisspelarar etter fødsel og skadar

Tennisforbundet til kvinnene (WTA) mjuknar opp regelverket. Spelarar skal ikkje falle like mykje på rankinga etter fødsel eller langvarig skade.

Tennisforbundet til kvinnene (WTA) mjuknar opp regelverket. Spelarar skal ikkje falle like mykje på rankinga etter fødsel eller langvarig skade.

Dei nye reglane gjer det mogleg for kvinnelege tennisspelarar som har vore ute i 52 veker eller lenger, å bruke si tidlegare ranking til å få innpass i tolv turneringar over ein periode på tre år.

Det skapte store reaksjonar då Serena Williams ikkje vart seeda i Roland-Garros-turneringa i år. Den statusen mista den tidlegare verdseinaren etter å ha vore ute av konkurranse i over eitt år. Amerikanaren hadde eit avbrekk fordi ho var gravid.

Ein månad seinare vart ho derimot seeda i Wimbledon. Det trass i at ho då var rangert som nummer 181 i verda.

(©NPK)

Det skapte reaksjonar då Serena Williams ikkje vart seeda i Roland-Garros-turneringa fordi ho hadde vore ute lenge som følgje av graviditet. No endrar WTA reglane. Foto: Erik Johansen / NTB scanpix