Annonse

Regjeringssonderingane skal vere avslutta

Sonderingane mellom regjeringspartia Høgre, Frp og Venstre og KrF om ei fleirtalsregjering skal vere avslutta, men må godkjennast i partia.

- Vi er praktisk talt ferdige med sonderinga. No står forankring i alle dei fire partia att, seier ei kjelde i ein av forhandlingsdelegasjonane til Dagens Næringsliv.

Ei kjelde tett på prosessen stadfestar overfor NTB at det «går mot slutten» i sonderinga.

Sonderingane starta 22. november etter at budsjettavtalen mellom dei same fire partia var i hamn på Stortinget. Planen no er å innleie regjeringsforhandlingar etter jul.

KrF-vurdering onsdag

Framstegspartiet har innkalla til landsstyremøte tysdag kveld «i anledning sonderinga mellom regjeringspartia og KrF.» Partileiar Siv Jensen vil vere tilgjengeleg for pressa i etterkant av møtet.

Venstre hadde landsstyremøte for halvanna veke sidan og treng no eit siste klarsignal frå stortingsgruppa før formelle regjeringsforhandlingar kan starte.

Det er under eitt år sidan Venstre gjekk inn i regjeringa etter at Høgre og Framstegspartiet vart einige med sentrumspartiet om Jeløya-plattforma i januar i år. Høgre og Framstegspartiet hadde ein samarbeidsavtale med Venstre og KrF i førre stortingsperiode.

Etter ein opprivande intern prosess, og mot partileiar Knut Arild Hareides råd, vedtok KrF på eit ekstraordinært landsmøte i haust å søke regjeringssamarbeid med Solberg-regjeringa. Landsstyret og stortingsgruppa til partiet får etter planen resultatet av sonderinga inn for godkjenning onsdag denne veka, skriv Fædrelandsvennen.

- Ikkje ultimatum

KrF-nestleiar og forhandlingsleiar Kjell Ingolf Ropstad går ikkje lenger enn å seie at ein no nærmar seg ein konklusjon i sonderinga.

- Vi treng ei avklaring før jul, og eg byrjar å få ei kjensle av kvar vi eventuelt skal lande, seier Ropstad til avisa.

Ropstad håpar at KrF på onsdag kan komme fram til ein endeleg konklusjon om partiet skal gå i regjeringsforhandlingar eller ikkje. Kva ein hittil har vorte einige om i sonderinga, er derimot hemmeleg.

Eit mogleg løfte om endring av abortlova har vorte sett på som avgjerande for at Ropstad gjekk sigrande ut av vegvalkampen på KrFs landsmøte i november. På spørsmål om det går mot endring av abortlova med KrF i regjering, svarer likevel Ropstad dette:

- Vi stiller ikkje ultimatum.

- Sannsynleg med regjering

Parlamentarisk nestleiar Hans Fredrik Grøvan sit i ei referansegruppe med medlemmer frå både raud, gul og blå side i partiet. Han vurderer sjansen som stor for at KrF går i regjering på nyåret.

- Det blir nok nokre tøffe tak, og ingenting er på plass enno, men eg vil tru at totalopplevinga peikar mot regjering, seier Grøvan til avisa.

(©NPK)

KrFs delegasjon hadde ein innleiande samtale med statsminister Erna Solberg (H) og dei andre partileiarane på borgarleg side 5. november i år. Sonderingane starta derimot ikkje for alvor før etter at budsjettavtalen var i hamn 22. november. Foto: KrFs Facebook-side. / NTB scanpix