Annonse

Reitan i tetsjiktet etter ny runde under par

Kristoffer Reitan greidde ikkje kopiere 66-runden frå torsdag, men med 70 slag fredag er han åtte slag under par og på delt 18.-plass i Open d'Italia.

Det er åtte slag fram til leiande Laurie Canter, men berre to slag til femteplassen i golfturneringa i Brescia, som inngår i europatouren.

Reitan spelte forrykande torsdag, med ein eagle på 6. hol som høgdepunkt i ein runde som også inneheldt fem birdiar og ein einsleg bogey.

Fredag var spelet litt meir varierande, og etter fem birdiar og tre bogeyar fall han 14 plassar på resultatlista. Likevel ligg han an til å kunne nå ei god plassering.

Canter leiar turneringa to slag framfor den engelske landsmannen sin Ross McGowan og fire framfor sørafrikanske Dean Burmester.

(©NPK)

Kristoffer Reitan ligg godt an halvvegs i golfturneringa Open d'Italia. Illustrasjonsfoto: Frank May / NTB