Annonse

Rekordsal av alkoholfritt øl

I fjor vart det selt 10,6 millionar liter alkoholfritt øl i Noreg. Det er ny rekord.

Talet gjeld heile drikkevarebransjen, og Henrik Lund, som er marknadssjef for øl utan alkohol i Ringnes, meiner at det stadig aukande salet av alkoholfritt øl i stor grad kjem av breiare utval og eit kraftig kvalitetsløft på produkta dei siste åra.

– Den gode smaksopplevinga og den høge kvaliteten på brygget gjer at alkoholfritt øl ikkje lenger blir sett på som ei erstatning for øl med alkohol, seier han til NTB.

Ikkje berre var det eit rekordår for alkoholfritt øl i fjor, men 2020 har hatt ein rekordkvit start på året. Berre dei tre første vekene av januar auka salet av alkoholfritt øl med så mykje som 10 prosent samanlikna med 2019.

Ei aukande merksemd rundt kropp og helse, som gjer at fleire enn tidlegare er meir klar over alkoholinntaket, er med på å løfte kategorien, forklarer Lund.

– Det trur vi primært kjem av eit sterkare fokus på sunnheit og helse i januar. Det kjem ikkje berre av eit ønske om å redusere alkoholinntaket etter jule- og nyttårsfeiring, men også det faktumet at øl utan alkohol inneheld langt færre kaloriar enn sukkerhaldig brus eller øl med alkohol, seier Lund.

(©NPK)

Aukande merksemd rundt kropp og helse, som gjer at fleire enn tidlegare er meir bevisste på alkoholinntaket, er grunnen til rekordsalet, trur Henrik Lund, som er marknadssjef for øl utan alkohol i Ringnes. Illustrasjonsfoto: NTB scanpix