Annonse

Rodrigo med langvarig skadeavbrekk

Leeds United-spelaren Rodrigo Moreno (31) er ute med skade i opp mot to månader.

Sist laurdag tok Leeds imot Accrington Stanley i FA-cupen. Yorkshire-laget sikra seg sigeren 3-1, men måtte sjå storskåraren sin Rodrigo Moreno takke for seg med ein ankelskade. På nettsida til klubben blir det no stadfesta at spanjolen er venta å vere på sidelinja i opp mot to månader.

– Det medisinske støtteapparatet er sikre på at Rodrigo vil vere tilbake i spel i slutten av mars, står det.

Fråværet til 31-åringen kan bli tungt for det kvitkledde laget som har eit hektisk kampprogram i vente og møter Nottingham Forest kommande helg. Klubben ligg førebels på 15.-plass i ligaen.

Leeds skal også møte eit formsterkt Manchester United to gonger på fire dagar i Premier League.

Rodrigo har så langt funne nettmaskene tolv gonger denne sesongen. Ti gonger i Premier League.

(©NPK)

Leeds United må klare seg utan storscoraren Rodrigo i opp mot to månader. Foto: Jon Super, AP / NTB