Annonse

Rogaland SV foreslår å avvikle bompengar

Rogaland SV foreslår å droppe bompengar og bygge færre vegar enn i dag.

Rogaland SV vil no få med seg SVs landsmøte på ei heilomvending i bompengespørsmålet. Forslaget frå Rogaland SV har tittelen «Nei til bompengefinansiering av vegprosjekter», skriv Dagsavisen.

Gruppeleiar i fylkestingsgruppa til Rogaland SV, Heidi Bjerga, seier forslaget er todelt; dei ønsker færre store vegprosjekt og ingen bompengar.

- Vi har kanskje ikkje sagt tydeleg nei til bompengar før, men det gjer vi no, seier Bjerga.

- Det eine er at det er sosialt urettferdig å bruke bompengar for å finansiere infrastrukturen vår, og det andre er at vi bygger vegar hemningslaust. Og så må vi tenke oss om når vi bygger vegar, seier Bjerga til Dagsavisen.

Spesielt i Rogaland har det vore stor bompengemotstand og ei rekke demonstrasjonar i samband med at 38 nye bomstasjonar vart sett i drift 1. oktober 2018.

Men forslaget kan få problem med å få støtte frå eit fleirtal av SVs landsmøtedelegatar. Ei rundspørjing blant fylkesleiarane i partiet, viser at berre Viken SV ser ut til å støtte forslaget, så langt. Ti av elleve fylkeslag har svart på Dagsavisens førespurnad.

(©NPK)

SV i Rogaland foreslår å avvikle bompengar og bygge færre vegar. Foto: Berit Roald / NTB scanpix