Annonse

Ropstad: Snikislamisering er eit dårleg ord

KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad gjekk i rette med regjeringskollegaene frå Frp då han tala til KrFs landsstyre fredag.

- Snikislamisering er eit dårleg ord. Det finst ikkje i Noreg, slo Ropstad fast.

- Det er sunt og bra med religionskritikk. Men snikislamisering er ikkje religionskritikk. Vi må heller snakke om politikk og det ansvaret vi har for å hjelpe menneske i nød, sa han.

Ropstad viste til at Noreg har sendt skip til Middelhavet for å redde båtflyktningar.

- Det ansvaret som gjer at Noreg kvart einaste år tar imot 3.000 kvoteflyktningar. Det er tre gonger meir enn dei raudgrøne, sa KrF-leiaren.

Samlivskurs

Ropstad kom òg inn på kranglinga internt i regjeringa den siste tida. Rett før valet kunne barne- og familieministeren presentere ein budsjettlekkasje om at regjeringa vil bruke 30 millionar kroner på samlivskurs for førstegongsforeldre.

- Etter valet er det nokon som har påpeika at kanskje regjeringa hadde trunge samlivskurs, sa Ropstad til latter frå KrF-delegatane.

Nesten eitt år etter det opprivande vegvalet for partiet brukte Ropstad mykje tid på KrFs kjernesaker. Han snakka om KrFs gjennomslag i trus- og livssynspolitikken i Granavolden-plattforma tok avstand frå aktiv dødshjelp og viste til at barnetrygda no blir auka med 3.600 kroner for barn mellom 0 og 6 år.

- Det betyr noko. Det betyr spesielt mykje for dei som har dårleg råd, sa han.

Ropstad hadde òg med seg ein liten budsjettlekkasje i kofferten - 150 millionar kroner til eit eige bistandsprogram til kamp mot menneskehandel og moderne slaveri.

Svakast sidan 1937

Ropstads blå side vann fram i KrFs retningsval, men det vart ikkje noka straksutteljing for Ropstad i valet i haust. Det vart ein solid nedtur for KrF, som enda på 4,0 prosent - det dårlegaste kommunestyre- og fylkestingsvalet til partiet sidan 1937.

- Vi må ta innover oss alvoret. 4 prosent er ikkje ein stad å vere for eit part som har mykje større ambisjonar. Det er farleg nær sperregrensa, sa Ropstad.

- De hadde fortent eit betre resultatet. Eg ser likevel nokre lyspunkt, sa han, og trekte fram at KrF no får den yngste ordføraren i landet.

Samtidig la han til:

- Vi har nokon bratte oppoverbakkar føre oss. Vi kan berre klare det saman, som eit lag. Men eg lovar dykk at vi skal heve oss. Derfor kjem eg den neste tida til å bruke endå meir tid, krefter og pengar på å bygge organisasjon og parti.

Valresultat i år er òg dårlegare enn Ropstads forgjengar Knut Arild Hareides oppnådde i 2017 med 4,2 prosent.

(©NPK)

- Det er sunt og bra med religionskritikk. Men snikislamisering er ikkje religionskritikk. Vi må heller snakke om politikk og det ansvaret vi har for å hjelpe menneske i nød, sa KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad då han tala til landsstyret på Økern i Oslo fredag. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix