Annonse

Rosenborg kan møte AIK og Tarik Elyounoussi

Dersom Rosenborg tar seg vidare til 3. kvalrunde i meisterligaen, ventar enten slovenske Maribor eller dei svenske meistrane AIK.

Det vart klart då trekninga av 3. kvalifiseringsrunde vart gjennomført i Uefas hovudkvarter i Nyon, Sveits måndag.

Dei svenske seriemeistrane AIK blir trente av den tidlegare Brann-trenaren Rickhard Nordling og har to nordmenn i troppen. Tidlegare RBK-spelar Tarik Elyounoussi ligg på andreplass på toppskårarlista. Bærumsguten Daniel Granli har spelt fem kampar i år.

Maribor er den slovenske seriemeisteren dei siste åtte åra.

Men først må trønderane slå ut dei solide kviterussiske meistrane BATE Borisov som kan skilte med 13 strake seriemeisterskapar og i år berre har sloppe inn seks mål på 15 seriekampar.

Første kamp blir spelt på Borisov Arena onsdag. Returen på Lerkendal er veka etter.

BATE Borisov har deltatt i gruppespelet i meisterligaen fem gonger sidan Rosenborg sist deltok i 2007. I fjor tok dei seg til sekstendelsfinalen i europacupen der dei slo Arsenal 1-0 på heimebane. I London vart det langt tøffare med eit 0-3-tap.

Skulle BATE Borisov bli for sterke, går Rosenborg inn i tredje kvalifiseringsrunde i europacupen.

(©NPK)

Rosenborg-trenar Eirik Horneland kan få besøk av tidlegare RBK-spelar Tarik Elyounoussi.
Foto: Ole Martin Wold / NTB scanpix