Annonse

Rubin Kazan utestengt frå europaspel

Den russiske toppklubben Rubin Kazan må klare seg utan europaspel i éin sesong for brot på økonomiske fair play-reglar.

Det bekreftar Det europeiske fotballforbundet (Uefa) torsdag.

Kazan braut ein oppgjersavtale og blir utestengt frå enten meisterliga eller europaliga, dersom dei kvalifiserer seg dei to neste sesongane.

Den russiske klubben er nummer fem på tabellen i serien heime.

Kazan kan anke avgjerda til Idrettens valdgiftsrett (CAS).

(©NPK)