Annonse

Salah fjernar all tvil – skreiv ny kontrakt med Liverpool

Mohamed Salah gir Liverpool-fansen den sommargåva dei ønskte seg. Egyptaren utvidar kontrakten med fleire sesongar.

Liverpool stadfesta forlenginga fredag. Kontraktslengda blir det ikkje opplyst om, men ifølgje britiske medium dreier det seg om tre år.

Salah hadde éin sesong igjen av den opphavlege avtalen sin. Forhandlingane med Liverpool gjekk føre seg i lang tid, og det gav grobotn for mange spekulasjonar rundt framtida hans på Merseyside.

– Eg kjenner meg veldig bra, og eg gler meg til å vinne trofé med denne klubben. Dette er ein god dag for alle. Det tok litt tid å forlengje (avtalen), men no er alt klart, seier Salah.

30-åringen har vore i Liverpool sidan han kom frå Roma i 2017. Angriparen står med 156 mål på 254 kampar for dei raudkledde.

Salah har vore ein sentral mann i suksessen til Jürgen Klopps lag. Liverpool vann Champions League i 2019 og tok ein etterlengta Premier League-tittel året etter. Sist sesong vart det finaletriumfar i ligacupen og FA-cupen, men tapte på målstreken i serien og i Europa.

– Eg meiner vi er i ein god posisjon til å vere med i kampen om alt. Vi har henta nye spelarar, og vi må berre halde fram med å jobbe hardt, vere positive og gå for alt igjen, seier Salah om vegen vidare.

(©NPK)

Mohamed Salah (t.v.) i aksjon for Egypt nyleg. Foto: Amr Nabil / AP / NTB