Annonse

Saltbil velta i Telemark – svært glatte vegar i Sør-Noreg

Ein saltbil køyrde av vegen i Telemark natt til måndag. Ein brannbil som skulle hjelpe til, sklei òg av vegen. Ein bilbergar og ein strøbil stod også fast.

Vegtrafikksentralen i Sør åtvarar om somme stader krevjande køyreforhold i Grenland på grunn av regn som frys på bakken, og lovar at dei har alle mannskapa sine ute for å hjelpe til med å sikre forholda på vegane, men det er ikkje berre-berre, sjølv for proffane.

Klokka 4.05 natt til måndag fekk Søraust politidistrikt inn melding om eit trafikkuhell i Nome i Telemark, der ein saltbil hadde køyrt av vegen og velta på ein veldig glatt stad.

– Heldigvis gjekk det bra med førar, han har litt vondt i beinet, men skal elles vere uskadd. Bilen velta rundt, seier operasjonsleiar Truls Fjeld til NTB.

På veg opp for å hjelpe gjekk det skeis for ein av brannbilane.

– Den eine brannbilen som var på veg opp dit, sklei av vegen. Det skjedde fint og pynteleg, utan nokon eller noko vart skadd. I tillegg står ein bilbergar og strøbil fast. Det viser akkurat kor glatt det er der ute no, seier Fjeld.

Alle bilistar som er ute, blir bedne om å tilpasse seg forholda og vise omsyn.

(©NPK)