Annonse

SAS vil tvinge kabintilsette til å ta over jobben til vaskepersonalet i flya sine

SAS vil at kabintilsette skal ta over delar av jobbane til vaskepersonalet for å spare pengar. Kabinforeiningane meiner dette bryt med kollektivavtalen.

I forslaget frå SAS-leiinga heiter det at kabinpersonalet skal ta reinhaldet etter kvar enkelt flyging, men utan at dei blir kompenserte for ekstraarbeidet, forklarer leiar Martinus Røkkum i Parat-organisasjonen SAS Norge kabinforeining til Dagens Næringsliv.

Dette er ein del av SAS sine tiltak for å kutte kostnader, som eit steg i den konkursprosessen deira. Endringane i arbeidsoppgåver trer i kraft i august og Røkkum meiner dei nye oppgåvene er i strid med avgrensingar som ligg i kollektivavtalane i dag. Det er SAS usamde i.

– Det er feilaktig. SAS gjennomfører desse endringane i tråd med dei respektive avtalane, skriv Sas' presseansvarleg Alexandra Lindgren Kaoukji i ein e-post til DN.

I den danske fagforeininga Flyvebranchens Personale Union (FPU) kjem det også ampre reaksjonar.

– Vi står midt i ein høgsesong der dei kabintilsette må springe raskare enn nokosinne. Vi meiner det ikkje er kledeleg at SAS samtidig prøver å auke arbeidsoppgåvene for dei kabintilsette, seier forbundssekretær Kasper Svendsen til den danske avisa Børsen.

(©NPK)

SAS vil spare pengar ved å kutte i bruken av vaskepersonale. No vil selskapet ha dei kabintilsette til å gjere delar av vaskejobben. Norske og danske fagforeiningar meiner dette er gale. Foto: Ida Eklund / NTB / NPK