Annonse

Serveringsbransjen i Bergen får 47 millionar kroner

Koronautsette bedrifter i Bergen får no støtte i andre runde av statleg kompensasjonsordning. Restaurant- og utelivsbransjen i byen får 46,5 millionar kroner.

Totalt fordeler kommunen ut 78,6 millionar kroner denne runden, opplyser dei i ei pressemelding.

– Bergen har om lag 20.000 verksemder. I denne ordninga har det vore heilt nødvendig å prioritere strengt mellom målgruppene, sjølv om eg veit at ein større del av næringslivet har merka konsekvensane av pandemien, seier byråd Erlend Horn (V) for finans, næring og eigedom i Bergen.

Kulturnæringa i byen får 16 millionar kroner, medan Visit Bergen får 7,5 millionar kroner. Treningssentera i byen får 4 millionar kroner.

– Vi har jobba intenst med å få på plass ei tilskotsordning som både er handterleg å administrere for kommunen, følgjer krava som er sette til bruken av midlane og ikkje minst sikrar at pengane kjem raskt på konto til den delen av næringslivet i byen vår som er hardast ramma, seier Horn.

(©NPK)

Bergen kommune fordeler no koronastøtte til ulike næringar i byen som har fått kjenne konsekvensane av koronarestriksjonane. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK