Annonse

Sikta i Vålnes-saka får ikkje erstatning

Ekteparet som var sikta for drapet på Per Vålnes i to år, får ikkje oppreising frå staten.

Ekteparet sat i varetekt i over 400 dagar, men får ikkje erstatning fordi dei ikkje bidrog til etterforskinga, skriv NRK.

Dei fremma krav til Statens sivilrettsforvaltning for straffeforfølginga i august i år.

Per Vålnes vart meld sakna av sambuaren sin fire dagar etter at han heldt 50-årslag i heimen sin i Balsfjord i Troms, laurdag 26. november 2011. Saka vart først etterforska som ei forsvinning, deretter som drap.

Vålnes' tidlegare sambuar og mannen hennar vart saman med fire andre arresterte og sikta for å ha drepe Vålnes i månadsskiftet oktober-november 2012. Tre av dei vart raskt sjekka ut av saka, mens ekteparet og ein venn av dei sat varetektsfengsla til 13. desember året etter. Alle har heile tida nekta straffskuld for drapet.

I august 2015 vart saka lagt bort etter bevisstillinga. Påtalemakta vurderer saka som eit uoppklart drap. Per Vålnes vart aldri funnen.

Etterforskinga etter forsvinninga hans er blant dei mest omfattande som er gjennomført i Troms politidistrikt. Mellom anna brukte politiet 20 millionar kroner på å grave opp og søkje i grunnen under Vollan gjestestue i Nordkjosbotn, der ekteparet jobba då Vålnes forsvann.

(©NPK)

Ekteparet som var sikta for å ha drepe Per Vålnes i to år, får ikke oppreising frå staten. Saka vart lagt bort i 2015.
Foto: Sigmund Krøvel-Velle / NTB scanpix

Per Vålnes forsvann fra Sagelv i Balsfjord i Troms i 2011. Det drapsikta ekteparet som sat i varetekt i over 400 dagar får ikke oppreising fra staten, fordi dei ikkje bidrog til etterforskinga. Foto: Rune Stoltz Bertinussen / NTB scanpix