Annonse

Simon Kjær ute i seks månader

Den danske landslagskapteinen Simon Kjær har pådrege seg ein skade i korsbandet og er ute av spel i seks månader.

Kjær skadde seg då Milan slo Genoa 3–0 i Serie A. Han fekk berre spele det første minuttet av kampen før han måtte av med kneskade.

No er det stadfesta at det dreier seg om ein korsbandskade, opplyser Milan på nettsidene sine.

Klubben skriv at han vil miste seks månader. Han er ein sentral figur både for klubb og landslag og leidde Danmark til VM i Qatar.

(©NPK)

Simon Kjær har pådrege seg ein kneskade som vil halde han ute av spel lenge. Foto: Scott Heppell / AP / NTB