Annonse

Sju drepne under demonstrasjon i Sudan

Sju menneske vart drepne då tryggingsstyrkar opna eld mot demonstrantar i Sudans hovudstad Khartoum måndag, ifølgje helsepersonell.

Tusenvis av menneske deltok i ein demonstrasjon mot militærstellet i landet, som under leiing av general Abdel Fattah al-Burhan greip makta i eit kupp 25. oktober i fjor.

71 menneske har vorte drepne under protestane sidan, ifølgje helsepersonell.

(©NPK)

Protestane mot dei militære kuppmakarane i Sudan held fram og krev stadig fleire liv. Foto: AP / NTB