Annonse

Skadeavbrekk for Tottenham-profil

Tottenham må klare seg utan forsvarsprofilen Toby Alderweireld dei kommande vekene. Han slit med ein muskelskade.

Belgiaren måtte forlate banen i storkampen mot Manchester City sist helg. Umiddelbart frykta manager José Mourinho ein alvorleg smell.

Onsdag kunne likevel portugisaren konstatere at situasjonen ikkje var riktig så ille som frykta.

– Han har ein muskelskade, men han er ikkje så alvorleg som vi først trudde. Han blir ute, men ikkje i ein månad som vi tenkte. Eg vil seie to til fire veker, sa han.

Mourinho la vidare til at også Erik Lamela truleg går glipp av europaligamøtet på torsdag med Ludogorets og seriekampen mot Chelsea kommande helg.

Tottenham, Antwerpen og LASK har alle seks poeng etter tre kampar i europaligagruppe J. Det ligg dermed an til å bli kamp om dei to plassane i utslagsrundane.

Tottenham toppar Premier League-tabellen etter 2-0-sigeren mot Manchester City laurdag.

(©NPK)

Tottenhams Toby Alderweireld er skadd. Foto: Neil Hall/Pool via AP / NTB