Annonse

Solberg i telefonmøte med Bill Gates: Bekymra over pengemangel til vaksinar

Både statsminister Erna Solberg og Bill Gates håpar USA snart blar opp meir pengar til det globale vaksinearbeidet.

– Det er mogleg vi må vente på Joe Biden, seier Solberg.

Tysdag møtte ho Microsoft-gründer Bill Gates digitalt for å snakke om det internasjonale arbeidet Noreg leier for å skaffe pengar til utvikling og produksjon, og ikkje minst rettvis fordeling, av vaksinar, testar og medisinar.

Det såkalla ACT-A-samarbeidet har så langt berre fått løfte om 10 milliardar dollar frå ulike land og bidragsytarar, medan behovet er anslått til 38 milliardar dollar. Bill & Melinda Gates Foundation og Noreg er begge store bidragsytarar til samarbeidet.

ACT-A står for Access to COVID-19 Tools Accelerator.

Solberg seier det er urovekkjande at det framleis manglar så mykje pengar til arbeidet.

– Det bekymrar meg, fordi det betyr at vi forlengjer den økonomiske krisa, seier Solberg til NTB.

Fryktar dei må vente på Biden

Solberg seier det trengst bidrag både frå fleire filantropar som Bill Gates, frå næringslivet og frå fleire land.

– Vi snakka om håpet om å få USA meir med i dette arbeidet. Både Gates foundation og mange andre organisasjonar i USA jobbar for å få president Donald Trump og Kongressen med på dette, men det er mogleg vi må vente på at Joe Biden blir president, seier Solberg.

– Har du meir tru på at Biden vil bidra enn Trump?

– Tradisjonelt har demokratane vore meir opptekne av multilateralt samarbeid, sjølv om også republikanarane tidlegare har vore veldig oppteke av det. Men dei har vore litt mindre opptekne av det dei siste åra, og det er litt leitt, seier ho.

Fryktar forseinkingar

John-Arne Røttingen, som har ansvar for den norske deltakinga i det internasjonale pandemi-innsatsen, seier det vil bli store forseinkingar i vaksinearbeidet dersom ikkje finansieringa kjem på plass.

– Vi har sagt at vi treng 4,5 milliardar dollar innan utgangen av året for å sikre sluttføring av utvikling og oppstart av produksjon av både vaksinar og testar og legemiddel, seier han.

For utviklingslanda blir det jobba på spreng for å utvikle vaksinar som toler å bli lagra i kjøleskapstemperatur og som ikkje treng djupfrysing slik vaksinen som no blir gitt i Storbritannia, krev.

Tre vaksinar som toler høgare temperaturar er no i siste fase av testinga.

Røttingen seier vaksinar som krev djupfrysing på -70 grader er krevjande i utviklingsland der mangel på elektrisitet er eit stort problem mange stader.

– Det er framleis slik at 1 milliard menneske i verda er knytt til helsefasilitetar og klinikkar som ikkje har elektrisitet, og då ei utfordring med å skaffe frysekapasitet, seier han.

Dekkjer dei fattigaste landa

Tysdag vart dei første personane vaksinerte i Storbritannia. Røttingen seier menneske i resten av verda, inkludert utviklingslanda, kan forvente å bli vaksinert innan våren er omme.

– Vi har klart å sikre avtalar inn i Covax-samarbeidet som dekkjer 92 av dei fattigaste landa i verda, seier han.

Røttingen påpeikar at det uansett vil ta tid å vaksinere alle i alle land, slik at det òg er eit stort behov for testar, legemiddel og smittevernutstyr dei neste eitt til to åra.

(©NPK)

Statsminister Erna Solberg har videomøte om mobilisering av middel til vaksinearbeid med Bill Gates frå Bill & Melinda Gates Foundation. Foto: Terje Bendiksby / NTB