Annonse

Spesialeininga inn etter at politiet kroppsvisiterte gut med lommelykt utandørs

Spesialeininga har gått inn i ei sak der politiet kroppsvisiterte ein gut med lommelykt utandørs og beordra han til å trekkje ned buksene, skriv VG.

Ein video av hendinga som skjedde i Aust politidistrikt i byrjinga av mars, har spreidd seg i sosiale medium. I videoen høyrest det mellom anna at guten får beskjed om å trekkje ned buksene sine og løfte på kjønnsorganet medan politibetjenten bøyer seg ned og lyser med hovudlykt i skrittet hans, skriv VG. Guten protesterer medan episoden går føre seg.

Familien til guten vil ikkje kommentere hendinga eller videoen overfor avisa. Spesialeiningas leiar Helle Gulseth opplyser at dei vil opprette sak og undersøkje hendinga på eige initiativ etter at dei har vorte varsla av VG om filmen.

– Vi skjønar at folk reagerer. Men det er veldig viktig å påpeike at dette skjedde bak ein levegg, utan innsyn frå nokon. Ingen såg kva som skjedde bak denne veggen, forklarer seksjonsleiar Marius Gunnerud for nærpolitiet i Aust politidistrikt til avisa.

Han kan ikkje gå inn på bakgrunnen for kvifor politiet gjorde ransakinga.

Advokat John Christian Elden har sett videoen og seier det ikkje er ein ordensmessig visitasjon som finn stad.

– Eg ser fram til å høyre grunngivinga for inngrepet på offentleg stad, om nokon vedkjenner seg dette, skriv Elden til avisa.

(©NPK)