Publisert: 20.03.2015 kl 16:09 - Oppdatert: 20.03.2015 kl 16:14
Søndag startar kvalifiseringa til NM for Volda fotball. Då skal herrelaget spele borte mot Herd, eit lag dei også skal møte i serien i 3. divisjon.
Publisert: 16.03.2015 kl 11:54 - Oppdatert: 16.03.2015 kl 11:54
I helga har det vore VM i alpint på Reset. Den høgthengande tittelen Voldameister 2014, var det Askjell Våge som stakk av med.
Publisert: 15.03.2015 kl 20:58 - Oppdatert: 15.03.2015 kl 21:00
I helga har damelaget til Volda Handball imponert. Målskilnadane i kampane mot Heimdal og Utleira er å rekne som at heimelaget knuste motstandarane sine.
Publisert: 14.03.2015 kl 22:05 - Oppdatert: 14.03.2015 kl 22:06
350 på tribuna fekk sjå årsbeste av heimelaget då dei slo Heimdal heile 40-16. Til pause var stillinga 15-9.
Publisert: 13.03.2015 kl 08:35 - Oppdatert: 13.03.2015 kl 09:37
Volda møter Heimdal og Utleira i dei siste kampane i Voldahallen denne sesongen. Heimdal greidde uavgjort og det vart også ein jamn og spanande kamp mot Utleira når Volda til slutt vann med 2 mål siste helga i november.
Publisert: 09.03.2015 kl 13:57
Hannah Marie Skjeret tok bronse på 60 meter i klassen J18/19 på UM i Ulsteinhallen.
Publisert: 07.03.2015 kl 08:06 - Oppdatert: 07.03.2015 kl 21:40
Hødd handball har starta nytt damelag etter at den nye Ulsteinhallen opna. Veteran-NM til hausten er målet.
Publisert: 02.03.2015 kl 10:03 - Oppdatert: 02.03.2015 kl 10:14
Noreg sin innsats under femmila i VM fekk voldingane regelrett opp av go`stolen og ned i kneståande, ståande og hoppande jubel.
Publisert: 01.03.2015 kl 22:03 - Oppdatert: 01.03.2015 kl 22:07
Voldakvinna Hildur Gjersdal jubla då herrane tok stafettgull fredag og var aktivit med under oppløpet og innspurten. Dottera Hanne filma mamma si engasjerte heiing.
Publisert: 28.02.2015 kl 14:54
Uveret laurdag førte til at fleire skiheiser måtte stenge.
Publisert: 28.02.2015 kl 10:32 - Oppdatert: 28.02.2015 kl 10:46
Etter at framlegget til Svein Aam vart nedstemt på årsmøtet, var Aam skuffa over resultatet, men fornøgd med å ha fått utfordra ei «hard kjerne» i klubben. – Dei stilte veldig sterkt på årsmøtet, så eg følte kanskje at det vart litt rått parti, seier han.
Publisert: 25.02.2015 kl 16:02 - Oppdatert: 26.02.2015 kl 21:54
Leif Hoggen frå Volda gjekk skirenn under Treskifestivalen på Stryn i helga. Han hadde ikkje så mange konkurrentar i si klasse: + 86 år.
Publisert: 24.02.2015 kl 12:58 - Oppdatert: 26.02.2015 kl 21:55
Måndag fekk Eldbjørg Tvergrov SpareBank 1 sin ærespris. Dei siste 30 åra har ho vore ein sentral person for idretts- og kulturarbeidet i Ørsta og særskild i Hjørundfjorden.
Publisert: 17.02.2015 kl 10:38 - Oppdatert: 17.02.2015 kl 14:33
Førre helg kvalifiserte KFUM Volda sitt GU17- lag seg til NM i Bodø palmehelga. Denne veka reiser dei til Polen for å spele treningskampar, saman med 15- og 19-åringane.
Publisert: 16.02.2015 kl 16:34 - Oppdatert: 17.02.2015 kl 15:02
Mina Molnes Driveklepp, Sigurd Tjalveson Sørheim, Tiril Egset Mork og Sunniva Sjøholt gjorde det godt under NM i helga.
Publisert: 13.02.2015 kl 16:04 - Oppdatert: 14.02.2015 kl 19:22
Ni gongar har Volda TI Fotball arrangert Bendit Fotballcup. Denne veka fekk dei beskjeden dei har håpa på, også i år får dei vere Bendit-ambassadør og arrangere turneringa.
Publisert: 13.02.2015 kl 15:54
Aktiviteten i Hødd handball aukar. No vil klubben starte herrelag og inviterer fleire spelarar.
Publisert: 06.02.2015 kl 13:23 - Oppdatert: 06.02.2015 kl 13:27
Det har vore nydeleg skiføre denne veka. Noko som har ført til at mange har lagt ut på ski sjølv etter at det har blitt mørkt.
Publisert: 04.02.2015 kl 07:49
Søndag arrangerer Hovdebygda IL rekrutteringsrenn i langrenn.
Publisert: 02.02.2015 kl 11:11 - Oppdatert: 02.02.2015 kl 11:14
Luke Mellan Suarez Davidsen (G12) vart kretsmeister i kulestøyt under innandørs KM i Ulsteinhallen.
Publisert: 27.01.2015 kl 20:56
Verprognosar for helga viser at vi går ei fantastisk skihelg i møte.
Publisert: 26.01.2015 kl 11:05
Det som skulle vere sesongens toppkamp vart det aldri. Heile 450 handball-entusiastar hadde funne vegen til Voldahallen laurdag kveld. Dei fekk sjå eit heimelag som leika seg til siger mot tabelltoaren i 2. omgang.
Publisert: 25.01.2015 kl 20:19
Volda var store favorittar i nabo-oppgjeret mot Ålesund, men fekk det ikkje til å stemme framover i denne kampen. Godt forsvarsarbeid i 1. omgang og ei god Runa Vik i mål, sikra likevel 2 nye poeng og framleis tabelltopp.
Publisert: 25.01.2015 kl 20:04 - Oppdatert: 25.01.2015 kl 20:09
Ørsta IL friidrett stilte med 18 utøvarar på opningsstemnet i Ulsteinhallen laurdag 17. januar. Hallen vart ferdigstilt kvelden før, og arrangementet gjekk knirkefritt.
Publisert: 18.01.2015 kl 00:26 - Oppdatert: 18.01.2015 kl 00:28
Voldasymjarane starta sportsåret 2015 på beste måte. På årets Taremaresvøm i Brattvåg tok symjarane med seg totalt 8 KM-medaljar, 3 gull, 2 sølv og 3 bronse. I tillegg blei det sett to nye klubbrekordar i herreklassen.