Annonse

Stavanger-politikarar vil flytte lærarar fram i vaksinekøen

Lokallaga til både Ap og Høgre i Stavanger ønskjer å flytte lærarar og barnehagetilsette lenger fram i vaksinekøen. Dei ber FHI gjere ei ny vurdering.

– Bakgrunnen er at vi verkeleg ønskjer å unngå å stengje skular og barnehagar igjen. Derfor håpar vi å kunne sende ein formell førespurnad til FHI, gjerne like over påske, seier gruppeleiar Dag Mossige i Stavanger Ap til Aftenbladet.

Han får støtte av gruppeleiar Sissel Knutsen Hegdal i Stavanger Høgre.

– Vi er positive til at vi ber FHI vurdere dette. Vi får mange tilbakemeldingar frå både skulane og barnehagane om svært vanskelege arbeidsforhold. Dette har vi i Stavanger Høgre òg spelt inn til helseminister Bent Høie og regjeringa, seier ho.

(©NPK)

Politikarar frå Høgre og Arbeidarpartiet i Stavanger håpar at lærarar og barnehagetilsette skal få vaksine tidlegare. Foto: Marit Hommedal / NTB / NPK